Sogndal vidaregåande skule
Bilete av Roger Pollen, Julie Årøy og Sara Felde Liljedal

Roger Pollen, Julie Årøy og Sara Felde Liljedal

1840 Covid-testar på to veker

Massetesting ved Sogndal vidaregåande skule

Tekst: Julie Leirdal Skjerven og Natalie Moene Slinde

Foto: Julie Leirdal Skjerve

Sogndal vidaregåande skule gjennomfører no frivillig hurtigtesting av Covid-19 på kring 916 elevar og tilsette kvar veke. Hurtigtesten skal skape tryggleik for elevar og dei tilsette. Me ønskjer å forhindre eit smitteutbrot, seier skuleleiinga.

Skulen hadde fått tilbakemeldingar på at det var mange som var bekymra for smitte. Utbrota på Kaupanger skule hadde forsterka dette. Sogndal vidaregåande skule ein av 24 skular i Vestland som er med på prosjektet om massetesting. Så langt har det vore svært stor oppslutning av testinga.

Frivillig testing

Testinga er frivillig og elevane har moglegheita til å trekke seg om dei vil når som helst i prosessen. Dette fekk elevane og lærarane beskjed om veka før påske. Testinga byrja dei med i veke 15 og skal i første omgang drive på med det fram til 15. Mai. Dei tre som utfører testane er Roger Pollen, Julie Årøy og Sara Felde Liljedal. Dei synst testane har gått veldig fint. Me har fått god opplæring i dette seier dei tre. Blir det dokumentert smitte i ein klasse går heile klassen i karantene og den som er smitta vert testa på nytt på helsesenteret.

Bilde 1 1_1024x666.jpg
Det er ubehageleg, men viktig seier Vg2-elev Tuva M. Dybwad Mundhjeld.

Dei store skulane

Årsaka til at Sogndal vidaregåande skule valde å delta er at dei er den største vidaregåande skulen i det tidlegare Sogn og Fjordane. Testane starta  i Fyllingsdalen og Åsane. Resultatet der var veldig vellykka og derfor har fleire vidaregåande skular valt å byrje med testinga, seier Pollen.

Dei 3 er i løpet av ei veke innom kring 10 klassar kvar dag og gjennomfører testinga. Den blir gjort ved at elevane testar seg sjølv. Elevane får utdelt utstyret og gjer testinga medan dei får forklart korleis dei skal gjere det. Når testen er gjennomført legg elevane den i ein konvolutt med namn og klokkeslett. Etter 15-20 minutt er resultatet på testen klart. Liljedal, Årøy og Pollen ser gjennom resultata og fører statistikk.

Bilde 3 1_1024x683[1].jpg

 

Årøy fortel at dei gjennomfører testinga for å ha kontroll på om det kjem smitte på skulen. Dersom nokon testar positivt har dei moglegheita til å hindre smitten i å spreie seg. Årøy fortel vidare at ein negativ del med testinga kan vere at folk ikkje tenkjer like mykje på smittevernreglane på skulen. Dei tenkjer kanskje at dersom dei ikkje slår ut positivt så kan dei gjere det dei vil. Testarane prøver så godt dei kan å minne elevane på at vanlege smittevernreglar framleis gjeld.

God respons

Møtet med elevane er positivt. Alle er hyggelege og gjer det me seier. Me er fornøgde, fortel Liljedal. Nokon er og litt skeptiske, legg Årøy til.  På 2 veker er det gjennomført 1840 testar – eit imponerande tal. Ingen av testane har vore positive.

I løpet av ei veke får testarane mange inntrykk frå dei ulike klassane. Nokon klassar dei kjem inn i er stille og nervøse medan det i andre klassar er  musikk og god stemning. Elevane er effektive og testinga går fint føre seg, så det tek ikkje så lang tid.

Responsen på testinga har så langt vore veldig bra. Engasjementet verkar stort blant ungdommen. Liljedal fortel det at dei fleste vel å teste seg. Statistikken ligg no på at 97% vel å gjere det. Årøy legg til at det er fleire som har testa seg denne veka enn det var førre veke. Dei tre testarane testar seg sjølv og. Målet er å skape eit trygt miljø helsemessig rundt testane.

Bilde 4 1_1024x683.jpg
Det går med store mengder testmateriell.