Sogndal vidaregåande skule
Avslutningsfest_a2019

Minnerik avslutningsfest

Tekst: Hedda Bulie Haanæs og Charlotte Alme Bringe

Torsdag 20. juni arrangerte skulen avslutningsfest for avgangselevane på studieførebuande og yrkesfag i kantina på Sogndal VGS. Rundt 300 stk deltok på arrangementet. Elevane fekk utdelt karakterutskrift og roser klassevis før festen. Det var servert gryterett med tilbehør, og sjokoladefromasj med vaniljesaus til dessert.
 

Avslutningsfest_f2019.jpg

Det var talar, damenes og herrenes tale av Even Vigdal og Tuva Fuglesteg. Me hadde elevar som bidrog med song og dans, i tillegg til Gøran Sjøli som song to songar. Avslutningsvis tok me felles bilete på Fylkestribuna på Campus.

Avslutningsfest_b2019.jpg

Alle tilsette ved Sogndal VGS ynskjer elevane lykke til vidare!

Tips ein ven Skriv ut