Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
post@sfj.no
Foto: Werner Harstad/Statens vegvesen
Nasjonale turistvegar
Statens vegvesen har ansvaret for å utvikle attraksjonen Nasjonale turistvegar.
Fylkeskommunane og Statens vegvesen i regionane er vegeigar med ansvar for å drifte og vedlikehalde
- veg og andre trafikkareal
- grøntareal, toalett m.m. på rasteplassar og utsiktspunkt
- ordinære vegtiltak langs Nasjonale turistvegar
- ferjetilbod
Turistvegseksjonen i Statens vegvesen har ansvar for å
- planlegge og bygge rasteplassar og utsiktspunkt
- reparere og fornye installasjonar og møblar, søppelkasser og informasjonstavler
- forvalte eigarskap og drift av servicetilbodet på store attraksjonar
- profilere Nasjonale turistvegar og forvalte bruk av logo
Innan 2023 skal alle planlagde tiltak langs dei 18 strekningane vere fullførde og attraksjonen Nasjonale turistvegar skal vere komplett.
Turistvegar i Sogn og Fjordane
Den nasjonale turistvegen frå Vestlandet til Austlandet er ei freda vegstrekning. Vegen er i seg sjølv ein attraksjon og vitnemål om eit mesterstykkje innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid. Det er eit historisk sus over vegen som vart bygd med handmakt på slutten av 1800-talet. Deler av vegen kjører du på gamal grusveg som gir deg ei kjensle av å reise tilbake i tid.
Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen kan du ane dei mektige fjella i det fjerne, og langsamt stig vegen opp gjennom dalen. Det går oppover til toppunktet som er skilta 1434 meter over havet, og som gjer vegen til Nord-Europas høgaste fjellovergang.
I 1853 vart det for første gang søkt om midlar til å byggje veg over fjellet, men det skulle gå nesten 100 år før den vart ein realitet. Vegen vart raskt ei viktig ferdselsåre frå den vart opna i 1938, men i dag er den eit fredeleg alternativ til hovudvegane som tar det meste av trafikken. Køyreturen går langs fjorden før vegen slynger seg opp mot det høgaste punktet på Gaularfjell.
Aurlandsfjellet
Turistvegen over fjellet startar i Lærdal og endar opp på Aurlandsvangen i Aurland. Kontrastane er store frå fjorden til høgfjellet der snøen ligg store deler av året. Vegen er vinterstengd, men frå Aurlandsvangen er den open opp til utsiktspunktet på Stegastein heile året.
Fylkesdirektør

Dina Lefdal
dina.lefdal@sfj.no
957 00 813