Portrettfoto av Ole Jørgen Øygarden, ny rektor ved Sogndal vidaregåande skule
Portrettfoto av Ole Jørgen Øygarden, ny rektor ved Sogndal vidaregåande skule

Ny rektor i Sogndal

Ole Jørgen Øygarden har fått tilbod om stillinga som rektor ved Sogndal vidaregåande skule.

Øygarden er 49 år, oppvaksen på Årdalstangen og busett på Vangsnes. Han har til saman tjue års undervisningserfaring frå USA, Årdal og Vik. Dei siste sju åra har han vore rektor ved Flatbygdi skule i Vik. Øygarden fullførte den nasjonale skuleleiarutdanninga hausten 2012 og har solid leiarkompetanse.

Øygarden har åtte dagar på å svare på tilbodet frå fylkesrådmannen. Ny rektor tek til i stillinga 1. august 2017, etter noverande rektor Marta Sofie Vange, som då går av med pensjon.

Det var sju søkjarar til rektorstillinga.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
konst. fylkesdirektør for opplæring
tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no
958 39 029

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00