Hopp til hovedinnhold

Per til topps i NM

Per Hauge representerte Vestland i skule-NM denne veka

18. åringen frå Sogndal vgs vann skule-NM i betongfag i Skien i konkurranse med fire andre.  

– Dette hadde eg ikkje trudd før eg kom ned. Eg var veldig nervøs kvelden før og på morgonen, men då eg byrja å jobba forsvann nervøsiteten, seier Hauge

Etter tips frå lærearen, Geir Arne Lomheim, meldte han seg på. Per deltok i betongfag, og var den einaste frå Vestland fylke.

 

Per og Geir.JPG

 

Hjørneforskaling

I konkurranse med fire andre deltakarar, måtte dei vise kompetanse i hjørneforskaling. Deltakarane vart målt etter korleis han jobba med HMS, sjølvstende, resultat og nøyaktigheit, og fagleg kompetanse. Til slutt gjennomførte dei ein eigevurdering av arbeidet.

Det enda med at Hauge vart kåra til noregsmeister. Premien var deltakarmedalje, vinnarpokal og ein avstandsmålar.

– Veldig moro, og stas å ringa heim og fortelja om sigeren. Dei vart stolte, Hauge.

18-åringen kjem frå ein familie med fleire betongarbeidarar. Onkelen har firma, medan faren som er bonde også har jobba mykje med betongarbeid.

– Eg har alltid hatt fritt val, og eg ville gå bygg- og anleggsteknikk. Så tykte eg betongfag verka moro, seier Hauge.

Per kake.JPG

Trygt yrkesval

Yrkesvalet er også ganske trygt. Etterspurnaden etter fagfolk innan betongfag er stor.

– Me i klassen får nesten læreplassar kasta etter oss, og kan velja, seier Hauge, som sjølv har fått læreplass hos Hæhre Entreprenør.

For framtida er det heller ikkje dumt å ha ein NM-tittel på cv-en.

 

Les heile saka frå SognAvis