Sogndal vidaregåande skule
Democracy Matters_01

Om demokrati og menneskerettar

Nytt Erasmusprosjekt

Frå filosofi til verkelegheit, frå tanke til ytring. Sogndal vidaregåande skule med i nytt Erasmusprosjekt om demokrati og menneskerettar.

Tekst og bilete: Heidi Fondenes

Sogndal vidaregåande skule har fått tildelt midlar frå den Europeiske kommisjonen til K2 prosjektet “Democracy Matters! Human Rights – the Pillar of Society». Det er eit strategisk partnarskap mellom seks vidaregåande skular frå Tyskland (koordinatorskule), Hellas, Italia, Nord-Irland, Tsjekkia og Noreg.

I ei tid med uro, radikalisering og fake news, ynskjer me å setje søkelyset på kva kår demokratiet har og kva me kan gjera for å kjempa for det. Me drøftar moglege trugsmål mot demokratiet og ulike menneskerettar gjennom å granska vår eiga samtid og fortid. Det handlar om å bli medviten på det samfunnet me lever i gjennom å utveksla kunnskap og erfaringar i internasjonale grupper.

Alle skulane får eit besøk frå dei andre partnarane, og den fyrste turen gjekk til Kreta i Hellas. Me lærte om filosofien og historia som ligg til grunnlag for utviklinga av demokratiet og om korleis menneskerettane var knytt til ulike historiske hendingar på Kreta gjennom workshops, ekskursjonar og utveksling av erfaringar. I Rethymnon, som i alle tilfelle unnateke Belfast, budde elevane i vertsfamiliar. Dei arbeidde i lag i tverrnasjonale grupper. Slik blir dei godt kjent med den lokale kulturen og dei lærer om kvarandre sin kultur.

Democracy Matters_04.jpg

Frå Knossos, ein av årestadane for demokrati og likestilling.

Den andre turen gjekk til Nürtingen i Tyskland og temaet var Pressefridom og ytringsfridom. Elevane jobba med ulike oppgåver kring desse temaa for å kunne identifisera ekte nyhende frå sladder, falske nyhende frå sanne, læra om propaganda, om korleis pressa kan brukast og misbrukast av dei med makt og om media si rolle i dei seks landa og i verda.

Democracy Matters_03.jpg

Dei norske deltakarane med deltakarbevis og tysk sjokolade. Dei som var med til Tyskland frå venstre: Julius Svistunas, Kristine Heimdal Aase, Karoline Blix Tryti og Isabelle Nordstein-Prince.

Me lærte om fakta-sjekk frå det Tysk-amerikanske senteret i Stuttgart, om forfølgde journalistar, forfattarar og utgjevarar på Foreininga for dei tyske bokforhandlarane i Frankfurt, og me besøkte konsentrasjonsleiren Dachau og fekk ei historisk vandring med informasjon om bruk av propaganda og undertrykking.

Elevane jobba i internasjonale grupper med ulike metodar, mellom anna filming med Green screen, og alle inntrykka og lærdommen om pressefridom vart samla og presentert i små nyhendesendingar i slutten av veka. Innimellom prosjektarbeidet var det tid til å besøka julemarknad, smake tysk mat, gå på bowling og vera i hop med vertsfamilien og nye venner.

Democracy Matters_02.jpg

Stoda for pressfridom i verda, ein plakat som heng i resepsjonen til bokhandlarsenteret i Frankfurt.

Neste Democracy Matters Erasmustur blir i mars 2020 til Tsjekkia og temaet er retten til å samla seg og ytringsfridom. Dersom du tykkjer dette høyrest spanande ut og har lyst til å vita meir, ta gjerne kontakt med underteikna.