Foto av deltakarane på fagdag om fleirspråklegheit i yrkesfagleg opplæring i desember 2019.
Foto av deltakarane på fagdag om fleirspråklegheit i yrkesfagleg opplæring i desember 2019.

Deltakarane på fagdagen var faglege leiarar frå lærebedrifter, leiarar og arbeidslivskontaktar frå vidaregåande skule.

Nyttig og bevisstgjerande om fleirspråklegheit

Korleis opptre inkluderande og skape eit godt arbeidsmiljø på ein fleirspråkleg arbeidsplass? Det var tema då fylkesdirektøren for opplæring inviterte til fagdag om fleirspråklegheit i yrkesfagleg opplæring.

Fagdagen var for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter, arbeidslivskontaktar og programfaglærarar på dei vidaregåande skulane. Grunnleggjande kulturforståing og kommunikasjon var det som stod øvst på agendaen. I tillegg sette vi søkjelys på samtaleteknikkar, verktøy og korleis gje tilbakemeldingar til kvarandre.

Må skape trygge rammer

Kultur er eit vidt omgrep, og den kulturelle påverkinga startar frå vi blir fødde. Det å lære kulturelle kodar, normer og reglar tek tid. Gjennom nysgjerrigheit på kvarandre, openheit og inkluderande haldningar, kan vi oppnå god kommunikasjon på ein fleirspråkleg skule og arbeidsplass.

– Vi hadde mange gode, faglege diskusjonar, refleksjonar og erfaringsutveksling. Deltakarane opplevde dagen som nyttig og bevisstgjerande, og var einige om viktigheita av skape trygge rammer for elevar og lærlingar når dei er ute i bedriftene, fortel Essi Annika Mäki, som er rådgjevar i opplæringsavdelinga i fylkeskommunen.

Både ressurs og barriere

Trygge rammer kan vi skape ved å vere førebudde og ha ein plan for inkludering i arbeidsmiljøet. Det er òg avgjerande å avklare gjensidige forventningar og krav.

Det å vere fleirspråkleg er ein ressurs, men kan òg vere ein barriere for kommunikasjon. Når vi får tilbakemeldingar utviklar vi oss, vi blir sett, høyrde og anerkjende som einskilde individ.

Del dette: