F.v. Line-Kristine Karlsen Holene, Embla Gjerde Sviggum, Marte Fardal Svangstu, Hiba Al Mobarak

F.v. Line-Kristine Karlsen Holene, Embla Gjerde Sviggum, Marte Fardal Svangstu, Hiba Al Mobarak

Politikkelevane i Sogndal pustar letta ut

Styrte den største skulevalkrinsen i Sogn og Fjordane.

Tekst: Julie Leirdal Skjerven og Natalie Moene Slinde
Foto: Julie Leirdal Skjerven

Tysdag denne veka kom resultatet frå skulevalet ved dei vidaregåande skulane over heile landet. For dei 30 elevane som har politikk og menneskerettar ved Sogndal vidaregåande skule har det vore ekstra travle dagar. Ikkje berre planla og styrde dei skuledebatten med politikarane, men dei gjennomførte også valet tysdag på den største skulen i valkrins Sogn og Fjordane. Nærare 800 elevar hadde røysterett. Embla Gjerde Sviggum, Line-Kristine Karlsen Holene, Marte Fardal Svangstu og Hiba Al Mobarak fekk ansvaret for å leia skuledebatten.

Dei var heldige som fekk leia ein Stortingsvaldebatt! – 4 år til neste gong.

d 6Ma 3072C 9Xg 62YEX 04r 49P 8BtYImCpN 9A 7QAAAAASUVORK 5CYII=
Smiler etter eit vellykka val

«Me er veldig letta over at alt gjekk så bra!». Det seier politikkelevane Embla Gjerde Sviggum og Line-Kristine Karlsen Holene. Dei sat i panelet på fire som styrde debatten. Me er «heldige» som får gjort dette, sidan det er fire år til neste Stortingsval og to år til lokalvala. «Interesse for politikk er viktig», seier Embla. Ho har sjølv vore deltakar i nokre av dei andre skuledebattane, blant anna i Årdal. Fleire av politikarane sa me gjorde ein god jobb, fortel Holene. Ho trur alle opplevde det som ein god debatt. Sviggum seier ho trur spesielt ja/nei runden hjalp veljarane å bestemme seg. Då fekk dei klart opp i kva politikarane eigentleg meiner.