Elevane frå Sogndal vgs London Eye

Praksis i London/Erasmus+ prosjekt

Tekst: Solfrid Ryum, Amanda Skarsbø Opthun, Margit Hope, Gunvor Hamre Nornes, Ragnhild Fossen Bolstad og Emilie Vigdal
Foto: Bente Karin Vatlestad/Solfrid Ryum

I vekene 12-14 var seks jenter frå Vg2 Helsearbeidarfag i utplassering i heimesjukepleier og på forskjellige aldersheimar rundt om i London. Dei budde hjå vertsfamiliar, og vart etterkvart gode på å finne fram i London by.

Erasmus+ har blant anna som formål å gje deltakarane kultur- og arbeidslivserfaring frå eit internasjonalt arbeidsmiljø samt gje deltakarane høve til fagleg- og eigenutvikling gjennom nye kulturelle og faglege utfordringar.

Frå ein sjukeheim i London.jpg
På innsida av ein sjukeheim i London.

Elevane opplevde dette som ein lærerik og kjekk praksisperiode, der dei fekk sjå mange ulike aldersheimar. I tillegg fekk elevane mykje fritid som dei brukte på shopping, attraksjonar og å møte kvarandre. Det var fleire skular frå Noreg som var med på same turen, som gjorde til at dei fekk fleire venner frå Noreg også.

Aktivitetsplan på ein sjukeheim.jpg
Aktivitetsplan på ein sjukeheim i London.

Desse jentene vil oppmode alle som går på helsefagarbeidar til å søkje om praksis i London. Dette gir minner for livet.

Tips ein ven Skriv ut