Viser lærarar og elevar på vg2 Kokk- og servitørfag

Lærarar og elevar ved vg2 Kokk- og servitørfag (Foto: SIMAS)

Prøv matreddar-oppskriftene til 2KOS!

Har du overmodne bananar som du tenkjer å kaste? Ikkje gjer det, lag heller ei god banankake!

Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap (SIMAS) har satt fokuset på problemet med matsvinn og kjem med fleire forslag på heimesida si til korleis vi kan unngå dette ved å bli «matreddarar». Eitt av forslaga er henta frå Sogndal vgs og elevane på vg2 Kokk- og servitørfag (2KOS)!

 

Døme på korleis utnytte matvarer betre

Fiskerestar skal ikkje kastast. Lag heller fiskegrateng! (Foto: SIMAS)

I artikkelen som omtalar dette, forklarar faglærar på 2KOS Hildegunn Øygard Hansen, korleis elevane lærer om berekraft og brukar kreativitet ved å lage matrettar av varer som er fullt brukbare trass i at dei er utgått på datoen eller av frukt og grønt som ikkje fyller krava til standard som krevst om det skal seljast i butikk.

Banankaka ser uimotståeleg ut!

Overmodne bananar kan bli uimotståeleg banakake! (Foto: SIMAS)

I høve dette prosjektet, har òg elevane servert smaksprøvar på matreddar-maten dei har laga, på Amfi sogningen, laurdag 2. oktober.

Les meir, og prøv ut oppskriftene i artikkelen presentert av SIMAS!