Rådgjevartenesta
Rådgjevar skal vere ein god samtalepartnar for elevane og bidra til informasjon, refleksjon og motivasjon. Rådgjevaren har teieplikt, og det vert ikkje ført timefråver for samtalar med rådgjevar. Rådgjevar samarbeidar med mange instansar internt og eksternt.
Dei viktigste oppgåvene til rådgjevar finn ein i forskrift til opplæringslova.
§ 22-3. Utdannings- og yrkesrådgiving
Den enkelte elev har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval.
Rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
- Oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Norge og andre land
- Oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- Opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
- Informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
- Opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.
§ 22-2. Sosialpedagogisk rådgiving
Den enkelte elev har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte elev finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen.
- Klarleggje problem og omfanget av desse
- Kartleggje kva skulen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skulen
- Rettleie elevar med tanke på feilval og fråfallsproblematikk