Sogndal vidaregåande skule
Bruk refleks

Foto: Trygg Trafikk

Refleksdagen 2020

Torsdag 15.oktober er dagen for den nasjonale refleksdagen. Ved Sogndal vgs markerar me dette med ein enkel stand ved to av inngangane, der elevar og tilsette kan forsyna seg med haustens viktigaste merksemd.

Refleks reddar liv, bruk refleks for eigen og andre sin sikkerheit.

Trygg Trafikks 5 beste reflekstips:

1.         Fest refleks på alle jakkar, sekkar og vesker – då har du alltid med deg refleks.

2.         Bruk to eller fleire refleksar. Då er du synlig frå alle kantar.

3.         Refleks vises best når den rører på seg. Fest refleks på armar og bein.

4.         Hengerefleksar bør henge i knehøgde for best mogleg effekt.

5.         Refleksar er forbruksvare som blir slite over tid. Byt ut gamle reflekser!