Sogndal vidaregåande skule
Refleksdagen 2021

Refleksdagen 2021

Tekst/foto: Charlotte Alme Bringe

Tredje torsdagen i oktober kvart år vert refleksdagen markert nasjonalt, sjølvsagt også i Sogndal. Målet er å få alle til å bruke refleks slik at dei ikkje hamnar i ei ulukke.

Bruk 5 minutt på Refleksdagen og fest refleks på jakker og baggar. Det er ein smart investering av tid! Kjøp også gjerne kle med refleks påsydd. Jo meir refleks, jo betre. Då har du éin ting mindre å hugse på i kvardagen og er tryggare i mørket.

Med oss på markeringa var Trygg Trafikk, Statens Vegvesen, Politiet, og deler av elevrådet. Alle forbipasserande fekk gratis refleks.

Hugs; det er ikkje flaks, det er refleks!

Har du lyst å høyre på innslaget? Klikk på

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/sesong/202110/DKSF01020321  01.31.50 inn i programmet : )