Regionalt forskingsfond

Regionalt forskingsfond Vestlandet lyser ut midlar til forsking og utvikling (FoU).

Fondet støttar forprosjekt og hovudprosjekt som har høg kvalitet, og som når opp i konkurransen med andre gode prosjektsøknader. Utlysingane er basert på bestillingar frå fylkeskommunane, og både bedrifter, kommunar og fylkeskommunar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane kan søkje.

Regionalt forskingsfond Vestlandet får midlar frå Kunnskapsdepartementet, som har laga retningslinjer for fonda. I retningslinene står det at fonda skal rette seg etter bestillingsbrev frå fylkeskommunane, og ha eit samarbeid med Forskningsrådet. Vidare står det at føremåla med dei regionale forskingsfonda er å:

  • styrke forsking for regional innovasjon og regional utvikling
  • mobilisere til auka FoU-innsats innan bedrifter og offentlege verksemder på Vestlandet
  • bidra til auka forskingskvalitet og utvikling av gode og konkurransedyktige FoU-miljø på Vestlandet
  • stimulere samspel mellom aktivitet i regionen og andre nasjonale og internasjonale program og aktivitetar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00