Foto av tre praksiselevar, to jenter og ein gut, i doktor-/sjukepleiaruniform. Dei står og ser i ei raud mappe.
Foto av tre praksiselevar, to jenter og ein gut, i doktor-/sjukepleiaruniform. Dei står og ser i ei raud mappe.

Foto: Måløy vidaregåande skule

Rekordmange har fått læreplass

Aldri har så få stått utan læreplass i september. Likevel har vi utfordringar i helsearbeidar- og elektrikarfaget.

43 søkjarar med ungdomsrett står no utan læreplass, noko som er rekordlågt samanlikna med tidlegare år. Det har blitt lagt ned ein stor og viktig jobb av bedriftene, opplæringskontora og dei vidaregåande skulane.

Jobbar for å skaffe læreplassar

Av dei som no står utan læreplass, er 24 innanfor helsearbeidarfaget og 10 i elektrikarfaget. Av vaksne søkjarar, manglar 28 læreplass. 17 av desse er innanfor helsefaga. Søkjarar utan læreplass i elektrokarfaget, har fått tilbod om skuleplass på vg3, men hadde læreplass som førsteval.

– Sjølv om dette er gode tal, har både vi og potensielle lærebedrifter framleis ein jobb å gjere. I fjor var Sogn og Fjordane nest best på formidling av elevar til opplæring i bedrift. Vi håpar å halde fram trenden i år, og jobbar for at endå fleire skal få seg ein læreplass, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Investering for framtida

Han frir no til både næringslivet og kommunane. Målet er at alle kvalifiserte elevar skal få læreplass, noko som vil vere ei god investering for bedrifta og for framtida.

– For bedriftene vil ein lærling kunne bidra til vidareføring av fag og faglege tradisjonar, samstundes som dei gjev ein elev moglegheit til å fullføre opplæringa si. Å vere utan læreplass, har negative konsekvensar for både den enkelte elev og for samfunnet, held Skinlo fram.

Han oppmodar særleg kommunane om å gjere ein ekstra innsats i helsearbeidarfaget, i lys av dei rekrutteringsutfordringane vi veit dei står overfor.  

Bedrifter som vil gje ei moglegheit til ein søkjar utan læreplass, kan ta kontakt med fylkeskommunen for hjelp vidare. Dersom bedrifta ikkje er godkjent som lærebedrift, er det framleis mogleg å søkje om slik godkjenning.

Ønskjer bedrifta di å ta inn ein lærling? Ta kontakt med opplæringsavdelinga på telefon 57 63 80 00 eller send ein e-post til post@sfj.no.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
assisterande fylkesdirektør for opplæring
tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no
958 39 029

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00