Rekordmange opplevde stolt augneblink

Det var utdeling av fag- og sveinebrev i Loen i helga.

Det var stil over utdelinga, med dresskledde karar og kvinner i flotte kjolar. Nokre bunadar var også å sjå denne festkvelden i Loen.

– Eg er stolt av meg sjølv. Dette er kjempekjekt. Det er takka vere mykje hardt arbeid eg står her i dag, seier Ellen Synøve Prestvik.

Ho var einaste kvinne blant mange menn som tok imot fagbrev i elektrikarfaget.

– Eg gjekk to år på elektro på vidaregåande på Eid, og var to og eit halvt år som lærling hjå Sætren Installasjon i Måløy. Der jobbar eg framleis, og det har eg tenkt å halde fram med. Eg stortrives med yrkesvalet, fortel ho.

Fiskarbrør frå Hyllestad

Brørne Kent Rune og Håkon André Hatlem frå Hyllestad tok imot fagbrev i fiske- og fangstfaget.

– Vi vaks opp med fiskeri, så det var ein naturleg veg å gå. Vi gjekk på vidaregåande skule i Måløy, og var ferdig for tre år sidan. Etter det har eg vore lærling på fiskebåt i Kalvåg. No er eg på jakt etter ny båt å jobbe på. Bror min går vidare på teknisk fagskule, fortel Kent Rune.

– Avgjerande for innovasjon og utvikling

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, la vekt på kor mykje utdanning betyr for samfunnet, då ho ønskte velkomen til utdelinga.

– Det er heilt avgjerande for innovasjon og utvikling, noko vi er avhengig av for å skape eit godt næringsliv i Sogn og Fjordane. Eit fagbrev gjev personleg utvikling og tryggleik for den einskilde. Dette er kjernen i samfunnsutvikling. Fagfolk medfører auka konkurranseevne, sa fylkesdirektøren.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner fagarbeidarane må få auka status.

– Fagarbeidarane er kanskje dei aller viktigaste når det kjem til verdiskaping. Utan den produserande arbeidskrafta stoppar verdiskapinga. De må gå ut og vere stolte av dykk sjølve, vi alle må jobbe for å auke statusen til fagarbeidarane, sa ho.

– Vinnarfylke

Holger Aasen, seniorrådgjevar i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO og leiar i fagopplæringsnemnda, viste til at det har vore mykje negativ omtale av Sogn og Fjordane siste tida, noko han ikkje kjente seg att i.

– Eg meiner vi er eit vinnarfylke, berre sjå på dykk som sit i salen her. Men skal vi halde fram med å vere det også i framtida, må de ta ansvar. De er ein utruleg viktig ressurs for fylket vårt. Signala frå næringslivet er at det er skrikande behov for fagarbeidarar, sa han til forsamlinga.

Det same påpeika Nils Petter Støyva, distriktssekretær for fagorganisasjonen LO, som var sistemann på talarlista.

– Å snakke om kompetansearbeidsplassar utan å inkludere fagarbeidarar er heilt feil. Å vere fagarbeidar krev høg kompetanse. Statusen må aukast, for næringslivet i fylket vårt skrik etter kompetanse. Samstundes er det alt for få som kjem gjennom på normert tid, berre 25 prosent. Det er noko både politikarar, foreldre, lærarar, skule og elevar må jobbe med, sa Støyva.

Fakta

I år var 646 fagarbeidarar inviterte til fag- og sveinebrevutdelinga. Det er fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane som sidan 1981 har delt ut fag- og sveinebrev. Frå 2003 har dei òg delt ut meisterbrev på vegne av Meisterbrevnemnda.

431 har vore lærlingar, 211 praksiskandidatar og 4 elevar i skule. Det er 204 kvinner og 442 menn som har teke fag- eller sveineprøve siste året. Til saman representerer dei 65 ulike fag. I dei store faga, barne- og ungdomsarbeidar-, tømrar-, helsearbeidar-, industrimekanikar- og elektrikarfaget, har mellom 30 og 60 kandidatar teke fagbrevet i kvart fag.

Av dei som har gått opp til fagprøve i 2014, har 26 prosent fått vurderinga «Bestått mykje godt» (BM).

Til utdelinga var også dei ni kandidatane som har teke meisterbrev siste året, invitert. Dei representerer tømrar-, rørleggjar-, målar- og bilfaget.

Fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim.

Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Fagbrevutdelinga 2015

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Holger Aasen, seniorrådgjevar i NHO og leiar i fagopplæringsnemnda.

Holger Aasen, seniorrådgjevar i NHO og leiar i fagopplæringsnemnda.

Nils Petter Støyva, distriktssekretær i LO.

Nils Petter Støyva, distriktssekretær i LO.

Fagbrevmottakarane i frisørfaget.

Fagbrevmottakarane i frisørfaget.

Fagbrevmottakaren i institusjonskokkfaget.

Fagbrevmottakaren i institusjonskokkfaget.

Henrik Kuld Heimlid tok imot fagbrev i landbruksmaskinmekanikarfaget. Holger Aasen, leiar i opplæringsnemnda, til høgre.

Henrik Kuld Heimlid tok imot fagbrev i landbruksmaskinmekanikarfaget. Holger Aasen, leiar i opplæringsnemnda, til høgre.

Olav Øygard tok imot fagbrev i mediegrafikarfaget. Holger Aasen, leiar i opplæringsnemna, til høgre.

Olav Øygard tok imot fagbrev i mediegrafikarfaget. Holger Aasen, leiar i opplæringsnemna, til høgre.

Fagbrevmottakarane i produksjonsteknikk.

Fagbrevmottakarane i produksjonsteknikk.

Tømrarfaget utgjorde den største gruppa av fagbrevmottakarar.

Tømrarfaget utgjorde den største gruppa av fagbrevmottakarar.

Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00