Sogndal vidaregåande skule
Korleis tilbrede krabbe? Meny Sogndal syner korleis.

Korleis tilberede krabbe? Meny Sogndal syner korleis.

Restaurant- og matfag i samarbeid med lokalt næringsliv

Tekst og foto: Alfred Haukeland

Restaurant- og matfagklassen har eit samarbeidsprosjekt med lokalt næringsliv i Sogndal. Bedriftene Quality Hotel Sogndal, Meny Sogndal og Ellevilt er oppe på skulen og underviser i ulike tema som poteter og grønsaker, fisk og skaldyr, bearbeiding av kjøt og fisk. Elevane er også utplassert i bedriftene ein dag i veka.

Målet med prosjektet, yrkesfag 2, er at elevane skal få god kjennskap til dei ulike yrka innan for restaurant- og matfag. Dette vil motivera elevane til auka gjennomføring av utdanninga. Elevane synes det er interessant og lærerikt å få samarbeid med næringslivet allereie frå skulestart vg1.


Meny Sogndal hadde om fisk og skaldyr.

Elevane laga: Krema fiskesuppe, Kreps med urtesmør, Dampa blåskjel og focaccia, Fish and chips

Ellevilt hadde om bearbeiding av kjøt og fisk.

Elevane laga: Salte lammesider til pinnekjøt, lammelår til speking (fenalår), sylteflesk (rull), lammerull  og dei fileterte laks og laga kaldrøykt og varmrøykt laks, gravlaks med ulike smakar.

Quality Hotel Sogndal hadde om poteter og grønsaker.

Elevane laga: Sylta betar, Omnsbakte rotgrønsaker, Potet- og purreløksuppe, Røstipotet, Mandelpotet sous vide, Fløytepotet sous vide, Gulrotkake , Gulrotbrød