Sogndal vidaregåande skule
Russen 2021 - Rosa sløyfe-aksjon

Russen 2021 - Rosa sløyfe-aksjon

Russ 2021 – Rosa sløyfe-aksjon

Tysdag 27.oktober markerte russen ved Sogndal vgs Rosa-sløyfe-aksjonen. Det er ein årleg aksjon med fokus på brystkreft. I år er det persontilpassa behandling som får pengane som vert samla inn.

Tekst: Charlotte Alme Bringe

Russen ved Sogndal vgs har tradisjon for å markera Kreftsaka, og å samla inn pengar til Kreftforeningen. I oktober er det Rosa Sløyfe-aksjonen og i november er det Blå sløyfe-aksjonen som får merksemda. Blå Sløyfe har fokus på prostatakreft.

Godt jobba av russen, og me er stolte av at dei engasjerer seg i ei so viktig sak, som diverre råkar alt for mange.