Sogndal vidaregåande skule
Bilete av elevane i Sognatech ved Sognal vidaregåande skule

Sognatech ved Sogndal vgs. Vegar Lunde Fardal, Tarjei Martin Hansen Moen, Sigurd Stenstadvold, Erling Hovlid, Sondre Høgi Berge, Daniel Neset, Marc André Fedje, Eirik Reed Mundal, Anders Lund og Bea Grancea. Foto: Privat

Samarbeid over fjorden gav full utteljing

Sognatech tok heim seieren i alle 3 klassane dei stilte i, i den årlege Ungt Entrepenørskapsmessa onsdag! Ei messe som pga Korona føregjekk heildigitalt.

I klassen "Bærekraft" delte dei seieren med systerbedrifta NTEP frå Årdal,og Sognatech var óg delaktig i NTEP sin 2.plass i klassen "Beste ungdomsbedrift". Veldig kjekt å vinne alt me konkurrerte i, og veldig spennande å få vidareutvikle eit reelt produkt, som kan føre mykje med seg kommersielt, både økonomisk og miljømessig, seier dagleg leiar i Sognatech, Daniel Neset.

SYSTERBEDRIFTER

Ungdomsbedriftene NTEP (Automasjon ved Årdal VGS) og Sognatech (Dataelektronikk ved Sogndal VGS) har samarbeida med SITEP og Hydro om å vidareutvikle ein såkalla klakkstav, som vert nytta i elektrolysehallane åt Hydro. Dei to bedriftene har utfylt kvarandre ved å jobbe med to ulike aspekt. NTEP har sett i system vedlikehald, reperasjon, gjenbruk og 3Dprint-produksjon av nye deler, mens Sognatech har utvikla javascriptkode og bygd opp trådlaus kommunikasjon via mobilapp, til databaselagring og visning på web. Neste steg er å få køyre grensesnittet i AR-smartbriller, fortel Anders Lund.

 To elevar frå Sognatech sit framfor ein PC som viser måleresultata frå klakkstaven
Anders Lund og Daniel Neset framfor grensesnittet som viser måleresultata frå klakkstaven. Foto: Privat

MEIR SAMARBEID

Dette er to utdanningar som har mange krysningspunkt, fortel lærarane Bjørg Ellingsdotter Venjum og Olav Arild Barsnes, og me ser potensiale for å samarbeide meir framover. Både oss to skulane i mellom, men også med SITEP, som har vore ein veldig god partnar i dette utviklingsarbeidet. Samarbeidet har mellom anna også resultert i eit kurs i Python-programmering, som dagleg leiar i SITEP, Frank Øvstetun, no er i gang med å køyre for dei to klassane.

Imponerande å sjå kva som bur i elevane, seier Frank Øvstetun. Eg tenkjer at dei har fått lært mykje både samarbeid på tvers av skulane og internt i bedrifta (klassen). Å drive ungdomsbedrift er noko anna enn eit vanleg fag med undervisning. Elevane tek mykje større ansvar, dei skal lære alt frå å lage fakturaunderlag, oversikt over økonomi, jobbe utan å skade seg, lage dokumentasjon, skrive brukarrettleiing, programmere og mykje mykje anna. Det har nok vore frustrasjon til tider men desto artigare å lukkast. Produktet håper me kan ende i ei ordinær bedrift med sal verda over og med vidareutvikling lokalt. Ekstra kjekt å jobbe i lag med elevar både i Årdal og i Sogndal – saman er me så mykje, mykje sterkare.

 Bilete av elevane i Ntep ved årdal vgs
Ntep ved Årdal vidaregåande skule. Jørgen Asperheim, Stian Hauge Bakken, Bendik Strømmen Bøyum, Elise Nesse Eriksen, Joakim Gjertsen Fagerli, Elias Fjellestad Flæthe, Gaute Refsdahl Fossen, Morten Beheim Fredheim, Camilla Hugøy, Odd Harald Semstrøm Larsen, Kacper Stanislaw Mateja, Malene Øy Nondal, Andreas Kvale Skarsbø, Håkon Wigum. Foto: Privat

DIGITALE MØTEFLATER

Elevane har møttest til fagleg påfyll og pizza hjå SITEP i Årdal, men det meste av samarbeidet har føregått digitalt. Dette har fungert veldig bra. Slik sett har Korona ikkje hatt så mykje å bety for framdrifta. Dei to bedriftene er no kvalifiserte til å delta i heile 6 klassar i NM, eit arrangement som også mest truleg vil bli arrangert heildigitalt.