Sogndal vidaregåande skule
Inngangsparti til Sogndal vgs

Skulen blir stengd for undervisning frå torsdag 12. mars og i to veker framover

Undervisninga vil gå som normalt, men gjennom Teams, og vi følgjer vanleg timeplan. Vi har vanleg undervisning (nettbasert) også fredag 13. mars i motsetnad til andre skular som har sjølvstudium. Skulen er open for tilsette.

Alle elevar og tilsette følgjer med på dei ulike teama i Teams for å få oppdatert informasjon om korleis skulekvardagen blir framover. Informasjonsskriv til elevar og føresette oppsummerer korleis undervisninga vil foregå medan skulen er stengd.

Elevar med særskilde behov for tilrettelegging vil bli kontakta av skulen med avklaring kring opplegg. Syner for øvrig til informasjonsskriv frå fylkesdirektør for kompetanse og opplæring Bjørn Lyngedal.

Bøker og anna nødvendig utstyr må takast med heim. Vi veit det blir tungt å bære for nokon, men slik må det vere akkurat no. Det er ikkje lov å publisere opptak av undervisninga eller chattar. Dersom dette vert gjort, får det ordensmessige konsekvensar med nedsett i åtferd.

Det blir ført fråvær for alle timar. Kvar enkelt lærar avklarar med sine elevar korleis dette skjer.

Etter kvart som vi får erfaring med nettundervisning, vil vi legge ut meir informasjon om korleis undervisninga skjer.  

Vi gjennomfører møte med russestyret fredag og kjem til å oppmode om at det ikkje vert gjennomført arrangement. Det er forståeleg at russen tykkjer dette er kjedeleg, men akkurat no er det viktig å ikkje spreie smitte. Færrast mogleg samlingar er ei av løysingane på dette.

Det vert ikkje skuleskyss, og etter kvart kjem det eigen informasjon om dette.

For elevar som skulle på elevreiser, så er dei utsette fram til sommaren. Elevreiser som kan utsetjast blir gjennomførte til hausten. Skulen vil prøve å få refundert det som er mogleg. Elevane kan ikkje rekne med å få tilbake pengane sine.

Elevar og tilsette som har vore i utlandet i perioden 27. februar og fram til no skal ha 14 dagar med karantene. Det vert laga særskilt opplegg for desse kring henting av læremateriell.

Symjehall, idrettshall og styrkerom er stengd.

Dersom media tek kontakt med dykk, så skal de vise dei vidare til fylkesdirektør for kompetanse og opplæring Bjørn Lyngedal. Det er han som er mediekontakt.