Sogndal vidaregåande skule
Skulestartkonferanse_2020

Skulestartkonferanse-2020 på Voss

Tekst: Charlotte Alme Bringe

Hordaland har hatt Skulestartkonferanse nokre år, og etter samanslåinga var det dags for ein storkonferanse med alle vidaregåande skulane i Vestland. Grunna smittevern var me delte inn i grupper og deltok digitalt frå ein vertsskule. 

Representantane deltok digitalt

Sogndal VGS var på Voss saman med Voss VGS og Voss Gymnas. Representantane var elevrådsleiar Frederick Nahayo Kwihangana, elevrådsstyremedlem Tea Volle, adm.leiar Martha Gurvin og miljøkoordinator Charlotte Bringe.

Tema for skulestartkonferansen var Læringsmiljø på skulen og sosiale media. Å ha kontinuerleg fokus på læringsmiljø og klassemiljø var eit sentralt tema for gruppearbeidet. Då kjem Fagfornyinga naturleg inn. Dette skal Sogndal VGS jobba vidare med etter å ha fått mange gode innspel.