Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Søknad om kvoter
Fylkeskommunane tek imot søknadar om lærlingkvote og undervisningskvote til vidaregåande skule innan fiskeri.
Undervisningskvoter
Vidaregåande skular som har eit opplæringstilbod innan fiskerifag kan søkje om undervisningskvote. Fylkeskommunen sender Fiskeridirektoratet ei melding om kva opplæringstilbod som søkjer. Fiskeridirektoratet fastset så ei totalkvote for skuleåret som fylkeskommunen baserar sitt vedtak om tildeling på. Undervisningskvota følgjer skuleåret.
Lærlingkvoter
Læringkvoteordninga følgjer kalendaråret og ikkje skuleåret. Fiskeridirektoratet fastset storleiken på lærlingkvota, og kva for fiskeslag det kan tildelast kvote på. Søknad om lærlingkvote vedlagt lærekontrakt kan sendast fylkeskommunen innan 1. januar kvart år. Fiskeridirektoratet har elektronisk søknadsskjema.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789