Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner elevar på Bygg- og anleggsfag i aksjon med oppmålingsutstyr

1030700980

Onsdag 14. februar vert fylkesmeisterskapen i yrkesfag arrangert på Sogndal vgs

Sogndal vgs arrangerer fylkesmeisterskap i yrkesfag

Sogndal vgs er i år vertsskule for Fylkesmeisterskapen som er ein yrkesfagleg konkurranse i regi av Worldskills Norway og Sogn og Fjordane fylkeskommune. 133 deltakarar konkurrerer i 20 ulike yrkesfag der ein del av vinnarane vil gå vidare til Skole-NM 2018 som vert arrangert i april månad.

Konkurransane er opne for publikum og ungdomsskuleelevar i 9. og 10. klasse er spesielt invitert til å kome og sjå på faga utført i praksis. Elevar frå Sogndal vgs vil vere guidar på skulen og fortelje om dei ulike faga. 
 

 

Velkommen til ein flott og hektisk dag på Sogndal vgs onsdag 14. februar.