Sogndal vidaregåande skule
Belfast Boys’ Model School. Foto: Karen Raff

Belfast Boys’ Model School. Foto: Karen Raff

Sogndal VGS i Erasmus+ prosjekt om ungdom og arbeidsliv

Prosjektet var retta mot elevar i aldersgruppa 16 -19 år og skulle ta for seg integrering av ungdom flest, og i det siste året unge flyktningar spesielt, i arbeidslivet.

 

Samandrag av Erasmus+ prosjekt ved Sogndal vidaregåande skule

Labour Integration in Europe (LIIE) 2016-2019

Tekst: Heidi Fondenes

Prosjektsamandrag og resultat

Dei skulane som var med i LIIE var: Sogndal vgs, Noreg, Albert Schäffle Schule, Tyskland, Belfast Boys’ Model, Nord Irland (UK), og Istituto Tecnico Industriale L. Trafelli,  i Italia.

Elevane våre er på veg ut i ein arbeidsmarknad i stendig og rask endring og dei kan møta utfordringar som høg ungdomsarbeidsløyse og fleirkulturelle arbeidsplassar. Dei må vise fleksibilitet, emne til omstilling, vera villig til å flytta på seg om naudsynt, ha fokus på gode språk- og kommunikasjonsevner, men også ha evna til å takla kulturelle skilnadar og moderne digital teknologi. Målsetnaden var å klargjera elevane for eit slikt arbeidsliv.

Det fyrste året såg elevane på kva som kjenneteikna den lokale arbeidsmarknaden, og dei laga ei spørjeundersøking som handlar om dei krav lokale bedrifter etterspør av ein potensiell arbeidstakar. Informasjonen skulle gje elevane betre innsikt i kva kvalitetar og kunnskap som trengs for å få arbeid. Funna blei analysert og diskutert i transnasjonale grupper og i presentasjonar. Elevane drøfta moglege måtar og strategiar for å handtera framtida.

Det andre året såg elevane på moglege gap mellom dei eigenskapane og den kunnskapen arbeidsgjevarane krev og dei faktiske eigenskapane og kunnskapen dei har. Dei studerte korleis avstanden mellom desse kan minskast og kvalifikasjonane aukast. Fokus var kulturelle tilhøve spesifikt for eins eige land. Saman laga dei guidar for å bu kvarander til å leva og arbeida i kvarandre sitt land og i fleirkulturelle samfunn generelt. Elevane brukte moderne teknologi, t.d. video eller web-basert læring. Dei arbeidde med tema som dei interesserer seg for i arbeidslivet; som etikk, etikette, kommunikasjon, og så vidare. IT- verktya eller læremodulane blei prøvd ut av elevane på dei transnasjonale møta. Elevane evaluerte resultata, såg på eventuelle betringar av produkta og presenterte det endelege resultatet til ei større elevgruppe.

Det tredje året endra fokuset seg til integrasjon av flyktningar på den europeiske arbeidsmarknaden. Med IT- verkty og resultat av spørjeundersøkingar til arbeidsgjevarar, ville elevane skapa ein guide på nettet som kan hjelpa flyktningar å finna ut korleis dei kan bli lettare integrert i arbeidsmarknaden. Dette arbeidet blei testa i samarbeid med unge flyktningar på dei ulike skulane og erfaringane og tilbakemeldingane frå testgruppene blei brukt til å laga ein endeleg presentasjon på møte i Tyskland. Resultata av spørjeundersøkingane, flyktningane sine tilbakemeldingar på IT-guiden og andre relevante saker blei drøfta, evaluert og arbeida vidare med.
 


Erasmus2019_02.JPG

Giant’s Crossway. Foto: Heidi Fondenes

Elevane som deltok i LIIE på Sogndal vgs frå 2016-2019 kom frå både yrkesfag og studiespesialisering; mellom anna 2SSA, 2DEA, 2IDA og 2STC. I prosjektet totalt sett var det med elevar frå ulike bakgrunnar; alt frå elevar frå utsette og relativt fattige område i Belfast, Nord Irland, dei med ulik bakgrunn frå Italia til dei frå relativt meir velståande familiar i Noreg og Tyskland. Me ville involvere så mange elevar som mogleg lokalt og internasjonalt gjennom tre år. Totalt fekk 27 elevar frå vår skule sjansen til å reisa på utveksling, men mange fleire var involvert i prosjektarbeidet med førebuing og planlegging, og når me var vertskap for dei andre skulane våren 2018.

Prosjektet var delt inn i mindre deloppgåver kor elevane har mykje ansvar for eiga læring med støtte frå lærarane. Dei arbeidde i små lag (team) og lærte ved å gjera og forska. Dei delte resultata på møter og på delingsplattforma til LIIE, vurderte kritisk det dei hadde kome fram til og drøfta korleis funna kunne påverka deira eigne liv. I tillegg til arbeid med prosjektet, har elevane fått bu i vertsfamiliar i Nürtingen og i Nettuno, på herberge i Belfast, og nokre har vore vertar i Sogndal. Dei har vore med på faglege og sosiale aktivitetar som bedriftsbesøk, julemarknad, handballkamp, vitjing til ulike kulturelle stader og bygg, men viktigast av alt, vore i lag og blitt kjent. Resultata av prosjektet er samla i ein europeisk base, lenkja til denne blir lagt ut når sluttrapporten er ferdig og prosjektet er heilt sluttført.

Resultat på omverda: Europeisk vekst har auka behovet for ei betre forståing av skilnader og likskap som fins mellom alle nasjonar og folk. Elevane har øvd på å kommunisera og arbeida i ei global verd med menneske frå ulike kulturelle bakgrunnar. I ein utfordrande arbeidsmarknad i Europa er det ekstra viktig at elevane blir klar over og er i stand til å gripa dei moglegheitene kvart land sin arbeidsmarknad har å gje unge arbeidssøkarar. Kjennskap og innsyn i kva arbeidsgjevarane krev av dei dei skal tilsette og inter-kulturell trening og erfaring vil kunne gjera våre elevar meir attraktive for framtidige arbeidsgjevarar. Bruken av teknologi og kommunikasjon via data, og dei IT-verktya som blir brukt og skapt vil førebu dei på arbeidsmarknaden.

Samarbeidet med flykningar har utvida horisonten til elevane, minska fordommar og forhåpentlegvis ført til betre fleirkulturell forståing. Flykningane som tok del i sluttfasen av prosjektet har fått læra meir om arbeidsliv, kultur og krav i det landet dei bur i, og dei tre andre landa i prosjektet. Kan hende vil det vera eit steg i retning ei lettare integrering i arbeidslivet. Generelt sett ser me at eit godt samarbeid mellom elevar frå ulike land og kulturar kan redusera moglege gnissingar mellom ungdommane og på sikt kan ein slik innsikt føre til betre integrering på skulen, i arbeidslivet og ei fredeleg framtid.


Game of Thrones alleen. Foto: Heidi Fondenes

Tips ein ven Skriv ut