Sogndal vidaregåande skule
Inngangsparti Sogndal vgs

Status skulestart

Vi har gjennomført tre veker av skuleåret, og det har gått fint. Elevane trivst, og det ser ut som dei er på veg til å finne seg til rette.  

Tekst: Rektor Jorunn Felde

Vi planlegg digitale foreldremøte for vg1 og vg2. Dato for desse er ikkje på plass fordi vi innfører nytt skuleadministrativt system.  Vi ønskjer å vise foreldre korleis fråvær skal meldast og kva andre forventingar vi har til foreldre når det gjeld bruk av systemet. Foreldretilgangen er ikkje på plass enno, og vi må difor vente med å gjennomføre dei digitale foreldremøta.  

Ved fråvær må eleven melde fråvær i VIS.  I tillegg må dei melde i frå til kontaktlærar/faglærar slik at eleven får kunnskap om kva som må gjerast når dei er vekke frå skulen.  

Særskilt til vg1 føresette:  

Vi forventar av elevane at dei held seg orientert sjølv om det som blir lagt ut på Teams som er skulen sin hovudinformasjonskanal. Det betyr at de som føresette må halde dykk orientert ved å etterspørje kva som skjer på skulen. Vi informerer meir om dette på foreldremøta.