Foto av årets tømrarlærling, Emil Skrede, fotografert på Bryggen i Bergen. Skrede har på seg rutete skjorte og held opp diplomet han har fått.
Foto av årets tømrarlærling, Emil Skrede, fotografert på Bryggen i Bergen. Skrede har på seg rutete skjorte og held opp diplomet han har fått.

Emil Skrede (20) frå Stryn er årets tømrarlærling i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet i 2016. Foto: Marit Hommedal

Stryning beste tømrarlærling

Emil Skrede frå Randabygda i Stryn er kåra til beste tømrarlærling i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2016.

Skrede gjekk læretida hos HS Bygg i Stryn og tok fagprøva i juni i år. No er 20-åringen fagarbeidar i firmaet og leiar for tida eit arbeidslag i samband med Alexandra Nord-prosjektet i Loen.

Første jente til topps

Årets lærling i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet vart kåra då Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avdeling feira at foreninga er 100 år.

Helene Mjånes Berge (19) frå Åsane i Bergen, som utdannar seg i betongfaget, gjekk som første jente heilt til topps i konkurransen. Ho jobbar hos Veidekke Entreprenør i Bergen. Emil Skrede tok andreplassen totalt, men var best av dei som tek utdanning som tømrar.

«Ein unik lærling»

Premien til Emil Skrede er 7500 kroner og eit diplom som han fekk overrekt av fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune. 

Anleggsleiaren på Alexandra Nord, Jarle Lien, har vore i byggjebransjen i 47 år. Han omtalar Emil som «ein unik lærling», og fortel at han har hatt ei uvanleg sterk fagleg utvikling gjennom læretida.

Han framstår i dag som ein dyktig fagarbeidar som kan arbeide sjølvstendig langt utover det ein kan vente av ein lærling. Han har god forståing av kva som skal gjerast, korleis det skal gjerast, og kor lang tid arbeidet vil ta.

Best mellom 336 lærlingar

Kåringa av «Årets lærling» er gjort blant 336 lærlingar i entreprenørbransjen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Verksemdene nominerer sine beste kandidatar til konkurransen.

Ein jury med representantar frå BYGGOPP-kontora i Hordaland og Sogn og Fjordane, fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune og Fellesforbundet tek den endelege avgjerda.

Ga honnør til verksemdene

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun takka entreprenørverksemdene i Hordaland og Sogn og Fjordane for innsatsen dei legg ned for å utdanne gode fagarbeidarar.

– Vi må ha stoltheit rundt yrkesfag, sa ho, og understreka at alle dei fem kandidatane til «Årets lærling» er framifrå representantar for faga og verksemdene sine.

Årets lærling_Prisutdeling.jpg

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00