Sogndal vidaregåande skule
HO_studietur 2019

Studietur for HOA og HOB

Elevane ved Vg1 Helse- og oppvekstfag var på studietur til Bergen 9. og 10. mai.

Tekst: Elevane i 1HOA og 1HOB
Foto: Mona Himle og Asbjørg Rebni


Me tok ekspressbåten til Bergen og etter ankomst var me fyrst på omvising på Lepramuseumet. Der fekk informasjon om kva Lepra er og utviklinga av Lepra i Noreg og andre land. Lepra er ein bakteriell hudsjukdom som var mykje utbreidd i Sogn og Fjordane. Me fekk omvising med ein flott guide som var flink å forklare på ein god og enkel måte, og svarde på spørsmåla våre.

Neste dag besøkte dei som har søkt helsefagarbeidar linja til hausten Haukeland sjukehus. Der fekk me god informasjon og prøve oss på praktiske oppgåver som å legge inn veneflon og sy sting på kunstige armar.

HO_studietur 2019_Konsentrasjon.jpg
Full konsentrasjon

Vidare fekk me sjå akuttmottaket og vere med på øving av HLR på ei babydokke deretter fekk me undervisning av brannskadar. Haukeland er einaste sjukehuset i landet som har brannskadeavdeling. Me fekk nyttig informasjon om korleis det er å vere lærling på Haukeland. Til slutt fekk me omvising på helikopterdekket og sjå sansehagen.

HO_studietur 2019_Akuttmottaket.jpg
Øving av HLR på ei babydokke

Dei som har søkt barne - og ungdomsarbeiderfaget til neste år var på besøkt i Tryllefløyten Steinerbarnehage. Ein Steinerbarnehage er ein barnehage med litt andre verdiar og ein annan pedagogikk enn i andre barnehagar.

HO_studietur_2019_Steinerbarnehage.jpg

I denne barnehagen var leikene laga av glas, tre og andre miljøretta materialet. Maten dei laga i barnehagen vart laga frå botnen av og den var vegitariansk. All mat vart laga saman med barna. Det var interessant og besøke denne barnehagen med ein annan kvardag enn dei fleste andre barnehagar.

Studieturen var ein sosial tur som styrka miljøet i klassane, me hadde felles middag på restaurant Egon og me fekk også tid til å handle.

Tips ein ven Skriv ut