Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknologi- og industrifag
To elevar som reparerar ein bil

Foto: Focus UB

Teknologi- og industrifag

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner, sveising og/eller produksjon basert på teknisk teikning i 3D, automatiserte prosessar og montering?

Startar du eit utdanningsløp på teknologi- og industrifag kan du seinare velje å utdanne deg innan mange yrke. Elevane som byrjar på teknologi- og industrifag ved Sogndal vidaregåande skule utdannar seg mellom anna vidare innan køyretøyfag, industrifag, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Du som vel teknologi- og industrifag, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre i yrker der helse, miljø og sikkerheit står sentralt. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

Les meir om Teknologi- og industrifag med moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no - teknologi- og industrifag  

Teknologi- og industrifag ved Sogndal vgs

Sogndal vgs har ei moderne avdeling med erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. På Vg1 og Vg2 vert utplassering i bedrift nytta som læringsarena. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og gir store moglegheiter til å vise seg fram for ein potensiell arbeidsgjevar.

Sogndal vidaregåande skule tilbyr desse kursa innan programområdet teknologi- og industrifag:

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på avdelinga for teknologi- og industrifag, her vert du fort ein del av eit stort fagmiljø. Det er kort veg til  dei andre yrkesfaga på skulen som blant anna Elektro og Bygg og anleggsteknikk. Skulen har store og flotte verkstadlokale.

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning: Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, Fagskuleutdanning og/eller Ingeniørutdanning – Y-vegen.

Kontakt

HenryA

Henry Arne Helle
Avdelingsleiar
Service- og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Yrkessjåfør
57 67 64 09
908 49 591
henry.arne.helle@vlfk.no

Relaterte lenker