Sogndal vidaregåande skule
andre dose vaksine

Tilbod om andre dose koronavaksine ved Sogndal vidaregåande skule

Tysdag 30. november vil alle Vg1- og Vg2-elevar få tilbod om andre dose  koronavaksine etter tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Vaksinen elevane får tilbod om er Pfizer/BioNTech. Dersom nokon ynskjer å få tilbod om Moderna (same som 1. dose) må dei gi beskjed om dette når dei kjem til vaksinering.

16 – 17 åringar er tilrådd eit intervall mellom første og andre dose på 12 veker. Årsaka til det lange intervallet er at unge har svært god immunrespons. Det viser seg også at responsen er betre med auka intervall mellom dosane.

Biverknad:

Dei aller fleste biverknader oppstår ein til to dagar etter vaksinasjonen, er milde til moderate og går over etter nokre dagar. Dei vanlegaste rapporterte biverknadene er:

  • Smerte og hevelse på stikkstaden
  • Trøttheit, hovudverk, muskelsmerte og systemiske biverknader

For meir informasjon: Gå inn på link til FHI sine nettsider, der vil ein også finne informasjon på engelsk.

https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/koronavaksine-for-ungdom-16-17-ar/

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med helsesjukepleier ved skulen, Linda Habbestad Skorve eller smittevernlege Leif Erik Husabø.