Sogndal vidaregåande skule
Utstyr til test av covid-19

Tilbod om massetesting frå måndag 12. april

Tekst: Tone Bakke

Sogndal vidaregåande skule skal no byrje å masseteste elevar og tilsette med hurtigtestar. Dette skal vi gjere for at elevane skal kunne vere mest mogeleg til stades på skulen. Samtidig vil vi med dette finne dei personane som kan smitte andre raskast mogeleg.

Testinga er frivillig, men vi vil oppfordre flest mogeleg til å delta, slik at vi får best mogeleg effekt av massetestinga. Ein kan når som helst trekkje seg frå å delta.

Praktisk informasjon om covid-19-testinga kan du lese meir om her.