To frå fylket til topps i Yrkes-NM

Vilde Nistad Strandos og Asgeir Flåten toppa begge pallen då Yrkes-NM vart arrangert i Trondheim sist veke.

Nistad Strandos sigra i konditorfag, medan Asgeir Flåten kunne stille seg øvst på podiet innan yrkessjåførfaget.

Ole John Berntsen, ein av sjefane på Nistad Strandos sin arbeidsplass, Naustdal Dampbakeri, er stolt av eleven sin.

– Det er utruleg kjekt å vinne, spesielt når ein legg ned så mykje arbeid, seier han.

Mykje øving

Han har òg trent vinnaren og fortel at dei har lagt ned mykje arbeid i førebuingane.

– Vi har prøvd å trene litt kvar dag og i helgene i eit par månader. Vi har vore med på Yrkes-NM før, og merkar at konkurransen blir hardare og hardare for kvart år. Når ein ser kor mykje hardare det blir, er det ekstra moro å vinne, seier Berntsen.

Det er Vilde Nistad Strandos einig i.

– Eg var ikkje sikker på siger før dei sa namnet mitt. Då vart eg sjølvsagt veldig glad, seier ho.

– Ikkje forventa, men heilt fantastisk

Asgeir Flåten vann yrkessjåførfag-kategorien, noko han ikkje forventa.

– Eg var veldig usikker, men det var veldig kjekt. At eg vann er heilt fantastisk, seier Flåten, som jobbar for onkelen i Flåten Termotransport AS.

Då Flåten kunne ringe heim med dei gode nyheitene, trudde ikkje onkelen på han.

– Nei, først trudde han ikkje på meg, men då han skjønte at det stemte fekk eg ein ekstra fridag for å feire i Trondheim, seier Flåten.

Ikkje berre bra køyring

Det er lett å tru at for å vinne denne klassa, må ein berre kunne køyre bra, men Flåten kan fortelje at presisjonskøyring berre er ein liten del av konkurransen.

– Opptreden på ulykkesstad, teori, økonomisk køyring, påsetjing av kjetting, lasting og lossing er òg ein del av konkurransen, saman med presisjonskøyring. Det vart jo eigentleg ikkje så mykje køyring, seier Flåten.

Øvde berre éin dag

Han og Svein Hukset, som òg deltok i same klasse, fekk éin dag med opplæringskontoret med øving før dei reiste nordover til Trondheim.

– Vi gjekk gjennom alle fasane i konkurransen den eine dagen, men det er jo dette vi jobbar med, så då skal ein jo kunne det frå før, seier han.

Desse deltok òg frå Sogn og Fjordane:

Roy Kristoffer Bårøy, anleggsmaskinkøyrar
Jan Martin Gjerland, anleggsmaskinkøyrar
Lise Eide Simonsen, ambulansearbeider
Kim Andre Nygård Leite, betongfaget
Merete Nedrebø, billakkering
Anfinn Fretheim, bilmekanikar
Svein Hukset, yrkessjåførfaget
Arne Olav Skagen, industrimekanikarfaget

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00