Trappar opp tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Høgare status på yrkesfag og helsetiltak skal få ungdom til å gjennomføre vidaregåande opplæring.

Å få ungdom til å gjennomføre vidaregåande opplæring er den viktigaste jobben til alle som arbeider med elevar/lærlingar i grunnopplæringa. Fylkesdirektøren set frå i haust inn ekstra merksemd på oppfølging av elevar/lærlingar som har vanskar med å gjennomføre vidaregåande opplæring. Arbeidet vert også retta direkte mot søkjarar og enkeltbedrifter. Skulane er med på arbeidet, og undersøker kva dei kan bidra med for å sikre at tidlegare elevar får fullføre utdanningsløpet sitt.

Alle tiltaka skal hjelpe ungdomane til å kvalifisere seg i fag eller skaffe seg læreplass. Allereie 1. september vert det sett i gang læreplasskurs for dei som ikkje har greidd å skaffe seg læreplass.

– Det er ein stor samfunnsøkonomisk gevinst for kvar ungdom som gjennomfører vidaregåande opplæring, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim.

Flest på yrkesfag

Det er flest elevar på yrkesfag som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring, difor er det viktig at arbeidet for å auke statusen til yrkesfaga er ein del av arbeidet. Vidare er samarbeidet med NHO, opplæringskontor, bedrifter og skule viktig å styrke. Det er også viktig at opplæringstilbodet vårt samsvarar med behova til næringslivet i fylket.

Mange av ungdomane som tek påbygg etter Vg2, har vanskar med å gjennomføre dette året. Her vert det sett inn ekstra styrkingstiltak på dei skulane som har dette utdanningstilbodet.
Stryn vidaregåande skule har fått midlar frå Utdanningsdirektoratet til å prøve ut Vekslingsmodellen, det vil seie at opplæringa knyter praksis og teori tettare saman.

Utfordringar med psykisk helse

Ein av hovudgrunnane til at mange ungdomar har vanskar med å gjennomføre er at dei har utfordringar med den psykisk helsa. Alle skulane våre har hatt styrkingstiltak mot denne elevgruppa tidlegare, men fylkesdirektøren har i samarbeid med Helse Førde utvikla ein fyrstehjelpspakke i psykisk helse som skal vere eit førebyggande tiltak som skulane kan nytte seg av.

Dei ulike tiltaka som er sett i verk:

Læreplasskurs

Fyrstehjelpspakke i psykisk helse

Vekslingsmodell

Del dette:

Relaterte lenker