Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner ei som tastar på ein mobiltelefon

Treng du nokon å snakke med?

Her finn du ulike tenester som du kan kontakte

No er me inne i ein særs uvanleg situasjon. Dette har me aldri opplevd før. Kjenner du på at dette er vanskeleg å takle åleine, då er det viktig at du snakkar med nokon!

Du kan ta kontakt med elevtenesta ved skulen enten på Teams eller over telefon.
Det er også mogleg å ringje hjelpetelefonen til Mental Helse på 116 123. Du kan vere anonym og den du snakkar med har teieplikt.

Opplever du eller har du mistanke om at andre opplever akutte og vanskelege situasjonar i heimen, som til dømes vald og overgrep? Då kan du ringje alarmtelefonen for barn og unge på 116 111 eller krisesenteret i Sogn og Fjordane på 57 74 36 00.