Medium og kommunikasjon

Framsidebilete MK.jpg

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

På Sogndal vidaregåande skule tilbyr ein no tredje studiår av medium og kommunikasjon

Har ein fullført vg1 og vg2 medium og kommunikasjon kan ein søke seg inn på vg3 medium og kommunikasjon ved skulen vår

I løpet av det tredje året får du jobba med film, fotografering, lyd design som podkast og radio, journalistikk, lyd, og sosiale medium, for å nemna noko. 

 

På medium og kommunikasjon prøver me å gjera undervisninga så praktisk som mogeleg: først grunnleggjande opplæring i klasserommet, deretter praktisk arbeid med kamera, lydutstyr, teiknebrett, profesjonelle redigeringsprogram med meir. Elevbedrift er og etablert og drifta av klassen og det er moglegheit for oppdragsbasert arbeid. Eksempel på oppdragsbasert arbeid har våre i samband med Høgskulen på Vestlandet samt gjev erfaring og eit godt innblikk i bruk av streamingteknologi innanfor mediefaget.