Sogndal vidaregåande skule
Illustratør Olav Arild Barsnes ser på to av bilda sine

Illustratør Olav Arild Barsnes ser på to av bilda sine

Utstilling på biblioteket

Oversikstbilde over utstilling

Tekst og foto: Else Ness

Olav Arild Barsnes er til dagleg lærar i data- og elektronikkfag, men han er òg dyktig på eit anna område, nemleg i teikning og illustrasjon. Han har eit medfødd talent for teikning og har vidareutvikla seg gjennom eigne erfaringar og inspirasjon frå andre dyktige illustratørar. Dette har gitt avkastning i form av ulike oppdrag og ein eigen produksjonsbase heime på Barsnes. Han marknadsfører og sel produksjonar på nettsida Barsnes grafisk produksjon (PS! Det er framleis mogleg å skaffe julegåver!)

På biblioteket her på skulen, stiller Olav Arild no ut nokre av illustrasjonane sine, mellom anna frå eit ferskt oppdrag hjå forlaget Pedlex som gir ut heftet "Veiledning for prøvenemnder". Dessutan kan du sjå nokre karikaturar av…. ja, den som stikk innom utstillinga får sjå!

Konkurranse!

Den første som finn kommunevåpenet til Vik i karikert form i ein av illustrasjonane til Olav Arild, får ein illustrasjon av Elvis, i gullramme!

Svar må leverast til bibliotekar Else.  (Konkurransen er avslutta og vinnar kåra, men du kan no likevel forsøke å finne ut kva bilde dette gjeld!)

Utstillinga vil stå ei stund, så ikkje fortvil om du ikkje rekk det før juleferien!

Karikaturar av kjende musikarar