Utandørs foto av Stryn vidaregåande skule, elevar sit på benkar foran skulen, blå himmel, grønt gras.
Utandørs foto av Stryn vidaregåande skule, elevar sit på benkar foran skulen, blå himmel, grønt gras.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Uttale om tilbodsjustering

Behovet for faglært arbeidskraft og tilgang på læreplassar må vektleggast ved justering av opplæringstilbodet 2016/17, skriv fagopplæringsnemda i ei uttale.

Fagopplæringsnemda vedtok i møte i Dale 10. mars uttale om justeringa av opplæringstilbodet for komande skuleår. I uttalen understreker nemnda at behovet i næringslivet må vektleggast, og at elevar som skal ut i lære må ha mobilitet og vere villege til å flytte på seg for å få læreplass. 

Arbeidsutvalet for nemnda har tatt med seg innspel frå dialogmøte med opplæringskontora.

Saka om justering av opplæringstilbodet skal handsamast i hovudutval for opplæring 30. mars. Fagopplæringsnemda sitt vedtak blir lagt til grunn for fylkesdirektøren sitt saksframlegg.

Opp og ned for store fag

I uttala skriv nemnda at det i elektrofag er tydelege signal på at tal grupper ikkje må vere høgare enn i dag. For bygg og anleggsteknikk er det derimot klare signal om at tal grupper kan aukast. Når det gjeld teknikk og industriell produksjon er signala mindre tydelege, og ein eventuell auke vil vere liten.

Maritim og helse

Det er svært god søknad til dei maritime faga, men av di det ikkje er auka tilgang på læreplassar anbefaler nemnda at dimensjoneringa bør vere som i dag.

Til helse og oppvektsfag er det og god søknad, men tilbakemeldinga frå opplæringskontoret er at det ikkje er tilgang på læreplassar på stader som elevane ynskjer seg til. Nemnda meiner tal grupper bør vere som i dag, men peiker på at fleire kommunar må bli flinkare til å ta inn lærlingar, og ber Helse Førde om å ta inn helsefagarbeidarlærlingar.

Fylkesdekkande tilbod

I uttala skriv nemda at søkjartala til dei fylkesdekkande faga prosess og kjemifag og frisørfag kunne vore betre, men at det der er god tilgang på læreplassar og at tilboda difor må settast i gang. 

Nemnda meiner ikkje det er grunnlag for å sette i gang faget maritim produksjonsteknikk, der det er låge søkjartal og tal læreplassar har gått ned.

Les saksframlegg med søkjartalgrunnlag her.

Kontaktperson

Nils P. Støyva
leiar, fagopplæringsnemda
nils.petter.stoyva@lo.no
911 03 124

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00