
Foto: Pixabay.com
Vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse - Tilbod til alle Vg2-elevar
Folkehelseinstituttet anbefalar at all ungdom i alderen 16–19 år vurderer å vaksinere seg mot meningokokksjukdom (hjernehinnebet.). Dei siste åra er det registrert fleire alvorlege tilfeller av hjernehinnebetennelse blant ungdom i denne aldersgruppa. Ungdom som skal delta i neste års russefeiring har særleg høg risiko for smitte.
Tekst: Linda Habbestad Skorve
Me gjev tilbod om vaksinering til alle Vg2 elevar, for å være beskytta i russetida. Vaksina har ei varigheit på minst 10 år, slik at ungdomane også er beskytta i ei tid der ein framleis er i risiko for smitte (studietid, militæret o.l.)
Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune tilbyr gratis vaksine for elevar i alderen 16-19 år.
Vg3-elevar som ikkje er vaksinert og som ynskjer vaksine, kan ta kontakt direkte med helsesjukepleier.
Informasjonsskriv og påmeldingskjema finn du her. Meld deg på ved å levere utfylt skjema til helsesjukepleiar eller i ekspedisjonen innan fredag 5.februar.
For meir informasjon gå inn på folkehelseinstituttet sine sider her.