Sogndal vidaregåande skule
Valdebatt_IMG_0881

Valdebatt og valtorg på Sogndal vidaregåande skule

Engasjerte ungdomspolitikarar, gode programleiarar og eit flott publikum gjorde skuledebatten til ein god skuletime for elevane på Sogndal vidaregåande skule. 

Galleri

Valdebatt_IMG_0883
Valdebatt_IMG_0884
Ordførar i Sogndal kommune, Arnstein Menes, lyttande på sidelinja
Valdebatt_IMG_0885
Valdebatt_IMG_0882
Valdebatt_IMG_0887
Valdebatt_IMG_0888
Valdebatt_IMG_0889

Tekst og foto: Avd. leiar Tone Bakke

Det var eit stort apparat som bidrog til at både valdebatten og valtorga fungerte så godt. Elevane som har politikk og menneskerettar som sitt programfag har stått for organiseringa og leiinga av debatten. Dei gjorde ein veldig god jobb, både før og under debatten. Flinke elevar på Vg2 media stod for filming av sjølve debatten, slik at alle Vg1 elevane som ikkje fekk moglegheit til å delta kan få sjå det på opptak seinare.

Det var og mange elevar som ville høyre meir om kva dei ulike partia meiner om dei ulike valkampsakene. Engasjementet på dei ulike valtorga var stort.

Takk til ungdomspolitikarar frå dei ulike partia som deltok på skuledebatten og valtorga og lukke til med valet!