Foto av vinnarlaget frå Årdal vidaregåande skular. Det er tre gutar som er avbilda med ei trapp i bakgrunnen. Ein er kledd i kvit t-skjorte, dei andre i mørke jakkar eller gensarar.
Foto av vinnarlaget frå Årdal vidaregåande skular. Det er tre gutar som er avbilda med ei trapp i bakgrunnen. Ein er kledd i kvit t-skjorte, dei andre i mørke jakkar eller gensarar.

Laget frå Årdal vidaregåande skule F.v.: Jon Atle Tiedemann Johnsen, Kylian Mekke, Adrian Kjos Merkesdal, Alexander Prestegard. Foto: Ungt entreprenørskap

Vann "Energi for framtida"

I overkant av 260 elevar frå ni vidaregåande skular i Sogn og Fjordane har delteke på den lokale innovasjonscampen "Energi for framtida". To lag går vidare til den nasjonale innovasjonscampen i Trondheim 13.–15. februar 2017.

Konseptet går ut på at elevane får tildelt utfordringar innan fornybar energi som dei skal finne løysingar på i løpet av ein skuledag. Elevane er delte inn i grupper på 4–5 elevar, og vinnarlaga frå kvar skule/arrangementsstad går vidare til ein fylkesfinale.

To lag utmerka seg

I år var konkurransen i fylkesfinalen svært jamn. To lag utmerka seg med heilt lik poengsum og delt førsteplass. Dei to laga kjem frå Eid vidaregåande skule og Årdal vidaregåande skule. Begge laga får reise til Trondheim og representere Sogn og Fjordane på det nasjonale arrangementet. 

Gruppa frå Eid løyste oppdraget som gjekk på innovativ maritim transport og hadde ein idé om å gjere martim tranport meir eller mindre sjølvforsynt på fornybar energi. Det gjer dei ved å utnytte den potensielle energien i vatn ved å drive ei brenselcelle. Ved hjelp av ein heilt nyvinnande elektrolyseprosess vil dei gjere saltvatn om til energi ombord i båtar. 

Elevane frå Årdal sin idé hadde det klingande namnet "Postvogna". Det heile gjekk ut på at dei skulle lage eit rørsystem under vatn som skulle frakte gods og personar langs kysten. Ved hjelp av eit magnetsystem så skal ein sørge for både framdrift og nedbremsing. 

Vi gratulerar dei to vinnarlaga og ynskjer dei lukke til i Trondheim i februar. 

Eid.jpg
Laget frå Eid vidaregåande skule. F.v.: Jørgen Myklebust, Arne Olai Midtbø, Lars Tore Sjåstad og Håvard Berge. (Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Fjordabladet)

For meir informasjon

Gunn Guddal
Eid vidaregåande skule
415 30 814
gunn.guddal@sfj.no 

Marit Røyrvik Eldegard
Årdal vidaregåande skule
952 81 072
marit.royrvik.eldegard@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00