Sogndal vidaregåande skule
Techtus UB Entreprenørmesse 2018

Vann pris for beste utstilling på Ungt Entreprenørskapsforum

Ungdomsbedrifta Techtus UB i 3DEA (Vg3 Dataelektronikar) vann prisen for beste utstilling på Ungt Entreprenørskapsforum 2018. Konkurransen fann stad i Førdehuset torsdag 15. mars. 

Dei konkurrerte med 14 andre ungdomsbedrifter frå dei vidaregåande skulane i fylket vårt. Me er stolte av den flotte ungdomsbedrifta, og gratulerer alle involverte!

 

På biletet ser du frå venstre:

Eivind Nymark Sognnes, Adrian Moldestad, Jan Helge Husum, Simen Weka og Eirik Haukadal.