Måløy vidaregåande skule
Måløy vidaregåande skule

Hovudutvalet auka plasstalet på YSK-tilbodet ved Måløy vidaregåande skule frp 12 til 16 plassar, for å styrke YSK-tilbodet i helsearbeidarfaget.

Vedtok endeleg opplæringstilbod

Hovudutval for opplæring har avgjort kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp ved dei vidaregåande skulane til hausten.

Justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2017–18 stod på agendaen då hovudutvalet møttest på Fylkeshuset 29. mars. Utvalet justerte tilbodet som vart lyst ut i fjor haust, etter at søkartala no er klare, og ein ser kvar elevane i Sogn og Fjordane ønskjer skuleplass.

Hovudutvalet for opplæring vedtok slike justeringar av det opphavleg utlyste tilbodet:

Sogndal vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert redusert f rå 5 til 4 grupper
  • Vidaregåande trinn 2 byggteknikk vert redusert frå 3 til 2 grupper
  • Vidaregåande trinn 3 dataelektronikar vert redusert frå 2 til 1 gruppe

Flora vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 sal, service og sikkerheit vert ikkje sett i gang

Firda vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 idrettsfag vert auka frå 1 til 2 grupper

Mo og Øyrane vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert auka frå 3 til 4 grupper
  • Vidaregåande trinn 1 restaurant - og matfag vert redusert frå 2 til 1 gruppe
  • Vidaregåande trinn 2 anleggsteknikk vert auka frå 1 til 2 grupper
  • Plasstalet på vidaregåande trinn 2 køyretøy vert auka frå 6 til 9

Eid vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 studiespesialisering vert redusert frå 2 til 1 gruppe
  • Vidaregåande trinn 2 interiør - og utstillingsdesign vert redusert frå 1,5 til 0,5 gruppe
  • Plasstalet på vidaregåande trinn 1 elektro vert auka frå 12 til 15

Stryn vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert auka frå 1 til 2 grupper
  • Vidaregåande trinn 1 helse - og oppvekstfag vert auka frå 1 til 2 grupper

Dale vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 helse- og oppvekstfag vert auka frå 1 til 2 grupper

Måløy vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Plasstalet på YSK-tilbodet vert auka frå 12 til 16 for å styrke YSK-tilbodet innanfor helsearbeidarfaget

Det at eit tilbod ikkje kjem i gang komande skuleår, betyr ikkje at det vert lagt ned. Hovudutvalet skal vurdere tilbodet på nytt når dei skal vedta opplæringstilbodet for neste skuleår i november.

Fylkesdirektøren for opplæring får også fullmakt til å disponere ei gruppe etter første inntak.

Hovudutvalet ber vidare fylkesrådmannen å greie ut korleis fylkeskommunen i næringsarbeidet kan støtte opp under bransjar med rekrutteringsutfordringar i yrkesfaga. Her viser utvalet til innspel frå fagopplæringsnemnda.

For meir informasjon

Karianne Torvanger
leiar, hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00