Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner ein del av skulebygningen

1030700980

Velkomen til skulestart måndag 17. august

Opning av skuleåret vert ikkje slik den brukar å vere sidan korona avgrensar kor mange som kan vere samla på ein gang.  

Under finn de informasjon om kven som møter kvar:

Vg1-elevar møter klokka 09.00.

-          Studiespesialiserande – oppmøte på plenen utanfor kantina

-          Idrett og media – oppmøte ved møteplass Lunnamyri vest

-          Yrkesfag – oppmøte på fylkestribuna

 

Dersom de lurer på kvar de skal møte, sjå kart her i programmet for skulestart. Her finn de også viktig informasjon om dei fire første skulevekene.

Det er viktig at du kontaktar skulen dersom du ikkje kan stille første skuledag pga sjukdom eller karantene. 

 

Vg2 og vg3- elevar møter klokka 10.00

-          Alle elevane møter på klasseromma

-          Kva klasserom de skal ha finne de på informasjonsskjermane på skulen.

 

Kantina er open, men utvalet vil vere avgrensa. Vi oppmodar om at de tek med eigen mat.

 

Er du ny elev på Sogndal vgs? - Hugs at du må skaffe deg pc før skulestart, og ta denne med første skuledag. Sjå meir informasjon om elev-PC her. 

Når du møter på skulen er det viktig at du er frisk, hugsar på å halde avstand og at du vaskar hendene med jamne mellomrom. Når du går rundt på skulen skal du alltid halde til høgre. Vi gjer dette for å hindre trengsel.

Velkommen til nytt skuleår. Vi gler oss til å sjå deg!

 

Jorunn

rektor