Sogndal vidaregåande skule
Bilde av elevar og lærara på Fylkestribuna

Velkommen til bygda

Torsdag 20.08 arrangerte Sogndal vgs årets «Velkommen til bygda»

"Velkommen til bygda" er eit opplegg for alle VG1-elevane, der eksterne samarbeidspartar som politi, ordførar og ungdomsavdelinga i Sogndal Kommune held appeller til ungdommen. Pga retningslinjer frå FHI og smittevernstiltak var me i år på Fylkestribuna, og rektor, Jorunn Felde, fekk og ynskja elevane velkommen til skulen. Gjennomgåande tema i appellane var å bry seg, ta vare på folk og ting rundt seg, aktivitetar for ungdom og fortsatt halde avstand og vaske hender. Tusen takk til Lensmann i Sogn lensmannsdistrikt, Magne Straumstein, ordførar i Sogndal Kommune, Arnstein Menes og ungdomsleiar Maria Kalstad Brun.