Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner Politi i uniform, ståande på fotballbana, som informerer elevar ved skulestart

Politiet ved Stein Helge Selland

Velkommen til bygda

Onsdag 18.08 arrangerte Sogndal vgs «Velkommen til bygda»

Dette er eit årleg arrangement, der rektor Jorunn Felde ynskjer velkommen saman med Ungdomsleiar i Sogndal Kommune, Maria Kalstad Brun, og Politiet ved Stein Helge Selland.

Appellane dreia seg i stor grad om å bry seg om kvarandre, og ting rundt seg, og sjølvsagt litt om kva av aktivitetar som finns for vgs-elevane.

Også i år var elevane samla på Fylkestribuna og vart vidare oppmoda om å delta i den nasjonale dugnaden mot Covid-19 ved å bl.a halda avstand og vaska hender.

Takk til våre eksterne samarbeidspartar frå Ungdomsavdelinga i Sogndal Kommune og Politiet.

Sogndal kommune_IMG_4938.jpg

Ungdomsleiar i Sogndal Kommune, Maria Kalstad Brun