Sogndal vidaregåande skule
RM3

Vellukka servering av fingermat

Restaurant- og matfag ved Sogndal vgs fekk svært gode tilbakemeldingar når dei serverte fingermat i samband med utdelinga av fagbrev i Førdehuset fredag 6. april

Fredag 6.april hadde Restaurant- og matfag ved Sogndal vgs fått i oppdrag å servere fingermat til fylkeskommunen sin fagbrevutdeling i Førdehuset.  Det vart nytta  råvarer frå lokale produsentar i Sogn. Elevane på vg1 restaurant og matfag og vg2 Kokk- og servitør gjorde ein  svært god jobb med tillaging og servering av maten, og attesten frå fylkesdirektør Bekka Skaasheim var prima: Svært godt levert!

Menyen var:

- Ku-og geitost frå Sogn Jord- og hagebruksskule, druer, paprika

- Heimelaga potetkaker smurd med snøfrisk, ilegg av ruccola og akevittmarinert og einerøykt aure frå Ellevilt, Luster 

- Ovnssteikte krydra poteter med spekemat frå Haugen gardsmat, Flåm

- Kjuklingklubbar

Kontakt

RM3.png

RM4.png

RM1.png