Foto: Mattis Sandblad/VG

Foto: Mattis Sandblad/VG

Verdensdagen for psykisk helse

Tekst: Charlotte Bringe

I høve markeringa av verdensdagen for psykisk helse fekk me Marius Løken, kjent frå halloweendrapet i 2011, til Sogndal vgs. Han trollbatt omlag 600 elevar med sin engasjerande måte å formidle eit så viktig tema på.

Årets tema for verdensdagen er «gi tid». Marius Løken snakka om det å komme seg vidare etter ei traumatisk oppleving, og at fysisk aktivitet var ein viktig faktor for den psykiske helsa. Han ba elevane om å gi kvarandre omsorg, bli ven med seg sjølv og sette pris på det ein har.

Sjølv om historia til Marius er på alle måtar tragisk, klarte han å bruke humor som eit verkemiddel for å engasjere elevane.

IMG_MariusLøken.jpg

Fullsett sal. Foto: Charlotte Bringe

Tips ein ven Skriv ut