Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv/Vg1 Sal, service og reiseliv

Vg1 Sal, service og reiseliv

Programfaga på denne linja er nye frå hausten 2020:

  • Forretningsdrift
  • Kultur og samhandling
  • Marknadsføring og innovasjon
  • Yrkesfagleg fordjuping

Elevane startar ungdomsbedrift på Vg1, og dei fleste startar bedrifter der dei nyttar det flotte trykkeriet vi har. Dei produserer alt innan trykk, mest brosjyrar og trykk på t-skjorte, collegegenser ol.

I yrkesfagleg fordjuping er elevane utplasserte i bedrift ein dag i veka. Det meste av teorien dei lærer i dei ulike programfaga vert konkretisert gjennom ungdomsbedrift og utplassering.