Vg1 Service og Samferdsel

Programfaga på denne linja er nye frå hausten 2016:

  • Marknadsføring og sal
  • Tryggleik og transport
  • Administrasjon og økonomi
  • Prosjekt til fordjuping

Elevane startar ungdomsbedrift på Vg1, og dei fleste startar bedrifter der dei nyttar det flotte trykkeriet vi har. Dei produserer alt innan trykk, mest brosjyrar og trykk på t-skjorte, collegegenser ol.

I yrkesfagleg fordjuping er elevane utplasserte i sjølvvald bedrift ein dag i veka. Det meste av teorien dei lærer i dei ulike programfaga vert konkretisert gjennom ungdomsbedrift og utplassering.

Kontakt

HenryA

Henry Arne Helle
Avdelingsleiar
Bygg- og anleggsteknikk
Service- og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Yrkessjåfør
57 67 64 09
908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no