Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag

Vg2 Kokk- og servitørfag

På Vg2 kokk- og servitørfag fordjupar ein seg i grunnleggande teknikkar innan kokk - og servitørfaget og ferskvarehandlarfaget. I faget Yrkesfagleg fordjuping vil du også vere ute i praksis i eit av dei fire yrka, kokk, ernæringskokk, servitør og ferskvarehandlar i løpet av skuleåret. Det er stort behov for faglært arbeidskraft og det er lett å få læreplass i bransjane.  

For dei som har lyst til å utfordre seg sjølv,  har skulen eit samarbeid med ein fransk skule i La Rochelle. Her er det mogleg å søkje utplassering  på restaurantkjøkken i 2.termin.

På slutten av skuleåret skal du opp til ein praktisk/munnleg eksamen.

Etter Vg2 kan du velje å gå ut i lære i desse faga:

  • Ernæringskokkfaget
  • Ferskvarehandlarfaget
  • Kokkfaget
  • Servitørfaget 

Viktig å tenkje på

Du bør ha lyst til å halde på med mat, like å kommunisere med andre menneske, både skriftleg og munnleg. Tåla å vise fram produkta dine for andre og få tilbakemelding av kunden. Du kan både arbeide sjølvstendig og saman med andre, du er målretta og har eit ryddig forhold til tidsfristar.