Sogndal vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv/Vg2 Sal og reiseliv

Vg2 Sal og reiseliv

Programfaga på denne linja er nye frå hausten 2021:

  • Kultur og kommunikasjon
  • Marknadsføring og innovasjon
  • Næring og utvikling
  • Yrkesfagleg fordjuping

Elevane er utplasserte ein dag i veka i sjølvvald bedrift, ofte på heimplassen sin. Dei fleste vil vere utplassert innan salsfaget (ikkje berre butikk) eller reiselivsfaget. Utplasseringsdag er fredag eller måndag slik at hybelbuarar skal kunne reise heim ein dag tidlegare eller vere heime ein dag lenger i samband med helg, dersom dei ønskjer utplassering i heimkommunen sin.

All teoriundervisning i programfaga vert konkretisert med oppgåver der eleven skal finne døme i utplasseringsbedrifta.

Mange av elevane held fram som lærling i bedrifta dei var utplasserte i. Både salsfaget og reiselivsfaget gjev eit godt grunnlag for vidare studiar på ulike høgskule eller universitet.